LOGIN

Dynamisk landskap

Dynamisk landskap er eit eksempelstudium i planleggjing og utforming av risikoreduserande tiltak for flaum og kvikkleireskred, og utforskar dette i høve til å skape grunnlag for menneskelege og økologiske kvalitetar i ei generell samfunnutvikling. Gauldalen, sør for Trondheim, er nytta som eksempelområde.

Klimaendringane er eit generelt fenomen, og tydelege teikn på desse kan sjåast over heile verda. Dei får likevel ulike uttrykk knytt til ulike regionale høve, og ein treng stadspesifikk kunnskap for å forstå utfordringane. Prosessane og kreftene som verkar på landskapet er universelle, og kombinasjonen av kunnskap om desse og forståing for det spesifikke landskapet, vil gi svar til dei nye utfordringane verda står ovanfor med eit endrande klima.

Kreftene og prosessane i vatnet står her i ei særstilling, som drivkraft for andre landskapsprosessar. Viktige faktorar ved planlegging i tilknyting til vassdrag er å oppretthalde rom og motstand til dei pågåande hydrologiske kreftene; innføre teksturar som vatnet kan nytte krafta på og plass til å fordele den på.

Medviten arealbruk unngår konfliktsoner mellom natur og menneske, og finn rom og løysningar for begge. Der landskapstiltak er naudsynt, kan dei sameinast med menneskelege og økologiske kvalitetar og verdiar, og tiltaka vert positive bidrag til landskapet.


Publisert  2008